Nye-boligblokker-i-Brattvag.-2010..jpg

Å bu i Haram

Når du skal skaffe deg bustad, er det mange val du må ta. Det viktigaste valet er om du skal leige eller kjøpe eigen bustad. Skaffar du eigen bustad for første gong, er det vanleg å leige. Ønskjer du å kjøpe eigen bustad, må du først spare pengar og ha fast inntekt før du kan ta opp bustadlån. Bustadlånet betalar du tilbake med renter og avdrag over 15 - 20 år.

Leige bustad:

Bustader til leige blir annonsert i aviser eller på internettsider, som Finn.no. Du treng ikkje ha spart pengar for leige bustad, men det er vanleg å måtte betale depositum. Depositum er eit beløp som vanlegvis er det same som to eller tre månader husleige. Dette er pengar som vert betalt på forskot (før du flyttar inn), og som du får tilbake når du flyttar ut, dersom leiligheita er i same stand og ikkje har skadar. Det er viktig ha ein skriftleg leigekontrakt. Leigekontrakten bør seie noko om kor stor husleiga er, om det skal vere depositum, om straum er ein del av husleiga, kva for rom kontrakta gjeld for og kor lang oppseiingstida er. For informasjon om bolig til leie i Haram sjå på finn.no


Kjøpe bustad:

Leigemarknaden i Haram er liten og det kan vere dyrt å leige. Å kjøpe bustad kan difor lønne seg for mange. Det kostar mykje å kjøpe bustad og dei fleste må ta opp bustadlån.  Det er mykje du bør passe på og tenke gjennom før du tar opp bustadlån. Private bankar stiller høge krav til inntekt og betalingsevne. Personar som ikkje får lån frå private bankar kan søke om Startlån til kjøp av bustad gjennom sin kommune. Les meir om startlån frå kommunane på husbanken.no 


Hus til salgs i Haram kommune finner du på; finn.no

Ledige tomter finner du på; www.haram.kommune.no



Bustønad:

Det er dyrt å leige og eige bustad i Norge. Har du lave inntekter og høge utgifter til bustad, kan du søke om offentleg bustønad. Bustønad vert gitt av Husbanken i samarbeid med kommunane sjå; husbanken.no 

Forsikring:

Det er viktig å forsikre bustaden og tinga sine, slik at ein kan få erstatning ved til dømes brann eller tjuveri. Det finst mange private forsikringsselskap. Dersom du er medlem i ei fagforeining, kan du få tilbod om kollektiv heimeforsikring, som er ei billig forsikringsform.