nyiharam.jpg


Ny i Haram?

Våren 2015 utarbeidde fleire innvandrarar i Haram kommune nokre gode råd for korleis du og din familie på best mogleg måte kan bli ein del av samfunnet her.
Her der det dei kom fram til:

10 Gode råd

1. Lær norsk så fort som mogleg. Delta på norskkurs og øv deg på å snakke norsk.
2. Forsøk å få jobb eller språkpraksis så fort som mogleg.
3. Bli kjent med naboar og lokalsamfunnet. Delta på aktivitetar i nærmiljøet, snakk norsk.
4. Lær deg viktige lover og reglar som gjeld i Norge. Spør om det er noko du lurer på.
5. La barna dine vere med på kulturaktivitetar eller sportsaktivitetar, slik får dei raskare vener og lærer seg språket.
6. Delta på dugnad og andre aktivitetar i nærmiljøet (kafé, turar, konsert, kino, bibliotek og sportsarrangement).
7. Meld deg inn i eit lag, ein organisasjon eller treningssenter.
8. Bruk frivilligsentralen.
9. Ver hyggeleg og venleg. Tør å snakke med folk du møter.
10. Ta kontakt med NAV, spør om hjelp til å kome i arbeid, utdanning eller kurs.

TILFLYTTaRTENESTE

Tilflyttartenesta ligg under servicetorget i rådhuset i Haram kommune. Du kan ta kontakt på telefon: 70 20 75 00

HER KAN DU FÅ INFORMASJON OM:
  • Kommunale tenester - kven som gjer kva.
  • Kontaktinformasjon til ulike tenester i kommunen.
  • Informasjon om kommunen sin nettportal for tilflyttarar. Rettleiing og opning for å kunne stille spørsmål.
  • Tilflyttarkontoret hjelper ikkje til med saksbehandling i enkeltsaker. Då må du ta kontakt med den enkelte teneste.

For meir informasjon sjå; nyinorge.no